Fjong på håret og glad til sinns

 

Den norske produktserien Lyng stammar frå Voss. Ideen er å skapa ultimate hårprodukt for alle: deg som går til frisøren, frisøren og miljøet. Hår, miljø og bærekraft er alvorlege tema, men det er lov å ha det moro for det. I Lyng er me ein liten, glad gjeng som har det kjekt i lag. Me håpar det smittar. For me vil at du skal bli fjong på håret og glad på same tid.

Naturleg lukt
Hovudmålet til Lyng er å vera med å gje frisørar moglegheit til å jobba med profesjonelle frisørprodukt som ikkje er skadelege for helse og miljø. Lyng-produkta er reine og luktar friskt og naturleg. Dei er difor geniale for dei med ei sensitiv nase og er sjølvsagt betre både for helse og miljø. På den måten kan me påverke og bidra til ei meir bærekraftig og attraktiv næring, både for kunde og frisør.

Påfyllsystem
Samfunnet blir meir og meir oppteken av helse og miljø. Folk vil gjerne ha så reine, naturlege og bærekraftige produkt som mogleg. Og godt er det. Lyng er i gang med utvikling av eit påfyllsystem for hårprodukta våre. På denne måten kan me bidra til mindre forbruk av plast og vera ein pådrivar til gjenbruk.


Klikk her for å lese historien om samarbeidet mellom Lyng og Cecilie:

https://lyngihaaret.no/2023/11/13/eventyret-om-eventyraren-og-fjellgeita/  

Miljøvenleg hud- og hårpleie
All forsking viser at det å velje miljøvenleg hud- og hårpleie, er betre for både frisør og kunde. Me er stolte av å kunne tilby eit reint alternativ for miljøet og helsa di. Alle Lyng sine produkt er nøye sett saman av ingrediensar som er både allergi- og miljøvenlege. Produkta er meir skånsame for håret enn vanlege hårprodukt, og håret blir glansfullt og fint. Styling produkta er lette å jobba med, gjev godt hald samtidig som dei ikkje tyngjer håret ned.

Sertifisering
Produkta våre er merka med Grøn salong sitt kvalitetsstempel. Dette betyr at dei har vore gjennom ei godkjenning av Grøn Salong, og står på lista deira over produkt som er påkravd for Grøne salongar å bruka. Grøn salong kallar lista for «positive-lista». Den skal vera eit verktøy for frisørar, slik at det blir lett å velje og anbefale sunne og gode produkt til bruk i salongen og heime. I tillegg er dei sertifiserte av PETA, noko som betyr at dei er 100% veganske og ikkje er testa på dyr. Til det beste for frisørane, folka, dyra og verda vår.


Produktene

Produktnavn og beskrivelse er på nynorsk med glimt i øyet ;)


  • EVENTYRSKOG (stylingkrem for krølla hår)
  • HUGLEIK (Lat vera i hårkur)
  • FØNVIND (hurtigtørkande hårspray)
  • FOT I HOSE (sabla god hårkur)
  • INKJE ANNA (makelaus hårskum)
  • KONG FJONG (staselig voks)
  • MORGONDOGG (mjuk og god balsam)
  • SILKEPOTE (mjuk og god sjampo)
  • SJØSPRØYT (volumspray) 
  • OLJELUKKE (vegansk olje for hår og hud)


Vil du høre litt mer om Irene Stana som står bak denne grønne hårserien?

I podcasten HÅRPODDEN er hun gjest i episode 151 - med passion for det grønne


https://open.spotify.com/episode/3VPMbubG9AXOiJFJTqeb5c

eller søk opp HÅRPODDEN der du hører podcast :)



KONTAKT LYNG


E-post: post@lyngihaaret.no

Telefon: 986 84 615